I åttande klasse hadde vi valfag og ein kompis av meg kom med idéen om å lage film. Så lagde vi kortfilmen “The Ghetto of Sogndal” som var ein rip-off av ein britisk gangsterfilm eg hadde sett på Canal+. Kortfilmen handla om nokre gutar som spelar kort i ein garasje for å deretter oppdage at det kjem nokre gutar på skateboard over brua til byen for å “stjele territoriet” deira. Det endar i ein shoot-out der alle døyr, sjølvsagt.

Eg visste i grunn ikkje kva ein filmregissør var for noko, ei heller korleis eit “manus” såg ut. Eg tok det meste på sparket, men følte det som naturleg å vere den som følgde den raude tråden i filmen og gav regi til både venene mine som var skodespelarar og mor mi som var filmfotografen med familiens dyre videokamera.

Eg fortset berre å lage filmar og etter kvart begynte eg å føle meg stødig nok i musikkproduksjon til at eg like godt begynte å lage min eigen filmmusikk. Etter kvart hadde eg blitt lagt merke til og gjennom jungeltelegrafen fekk eg henvendelsar frå næringslivet om å produsere reklame og infovideoar. Dermed starta eg av rein nødvendigheit foretaket VolleFilms i 2008, den sumaren eg var ferdig på videregåande.

Sidan den gong har eg laga over 50 kortfilmar, utallige oppdragsfilmar for næringslivet og nokre få musikkvideoar. I tillegg har eg jobba på spelefilm som script supervisor med ansvar for å halde oversikt over kva opptak som fungerar og om det er kontinuitet mellom scenene.

Eg likar ikkje så godt å kalle meg sjølv for “regissør” eller “manusforfattar”; det verkar rart å kalle seg det eine eller det andre når ein er så mykje meir. Eg lagar musikk, filmar, tek bilder, redigerar film og jobbar med lys-og-fargejustering i etterarbeid. Uansett kva det er så gjer eg det i utgangspunktet fordi det er kreativt arbeid og eg får jobbe utifrå mine eigne visjonar.

Daniel Volle DSC_7609 crop2 sharp

Foto: Øyvind Svanes Lunde